Sidan 1984 har klubben fostra løparar som har teke ei rekkje VM og OL medaljar. Denne tradisjonen fører me vidare. Me når toppen ved å satse på breidde. Difor skipar me skiskyttarskule kvar haust, der alle som ynskjer å starte er velkomne. Etter skiskyttarskulen vert rekruttane med på våre fellestreningar. Her trenar rekrutt og elite side om side. Det skapar miljø, læring og framgang.
Treningene foregår i Voss ski- og tursenter med 25 km løypenett kor 4 km av desse er lysløype. Anlegget har også ei 3 km lang rulleskiløype.
Vel møtt til sosiale og utfordrande treningsøkter!